Meny
Nyttig
Sponsorer


 

Nyttige linker










JS-feeder



Du er her: Hovedsiden / Sunnmøre
Tips en venn Skriv ut Legg til i Favoritter
Publisert: 18.08.2012 10:55:00 Av: Odd Løvset

Siger på 16. forsøket


Hareid hadde ikkje vunne sidan første serierunde. I kveld slo dei til med overtidssiger mot naboen Larsnes/Gursken FK.

Av Hareid IL

LGFK kom best i gang og skaut i metallet to gonger midtvegs i 1. omgang. Så skrudde Hareid på turboen med effektiv og flott fotball. Frå det 37. til det 41. minutt scora Hareid tre gonger, ved Marius Rise (31 år i dag), Christer Adrian Mork og Ola Kalvø Vattøy.

3-0 til pause var langt unna å vere fortent, men trass i mange tap har Hareid scora greitt med mål gjennom heile sesongen. Det er ikkje dårlege avsluttarar det står på.

Etter pause gjekk LGFK hardt ut. Dei reduserte ved Preben Sætre etter 51 minutt og Oskar H. Gunnarstein etter 60. Så jamna det seg litt ut, men Christoffer Rekdal si 3-3-utlikning etter 88 minutt var fortent nok.Dei rundt 120 tilskodarar venta nok at Hareid hadde tapt slaget og at LGFK ville score sigersmålet.Men tre minutt på overtid dunka nykomaren Ola K. Vattøy ballen i vinkelen frå 25 meter.

Dermed 4-3-siger til Hareid. Kampen om fornya kontrakt i 3.-divisjon er nok tapt. Men å slå LGFK, same kor ufortent det var, smakte like godt som fem-seks strake sigrar mot lag frå Nordmøre og Romsdal. Problemet er at Hareid aldri har opplevd det sistnemnte.

Les meir på Hareid sin hjemmeside HER


Foto: Hareid IL - Målscorarne Vattøy, Rise og Olsen.